Søndags-blogg

av John Arvid Skumsnes

Ein onkel i Amerika

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Skrevet søndag 18. august , 2013

 

Slekto mi har våre i amerika. Da vil sei at bestefaren min på morssio va i amerika noken år. Men heldigvis for meg reiste han heim  te norge igjen ellers hadde dinna bloggen våre skreve på engelsk, på Fitjar engelsk. Og Fitjar engelsk e veldig vanskelig å forstå, da sa i alle fall engelskleraren min på folkeskulen.
Men altso det e ikkje bestefar min eg ska skriva om men ein onkel av foreldro mine. Kenn av dei da va veit eg ikkje. Vist eg ska væra heilt erlige, i disse valgtie so trenge me strengt nok ikkje vera da men eg ska prøva,  so veit eg ikkje om da va ein onkel helde. Før i tio kadla  me adle so me kjente i Amerika for onkla og tanter, nett so i Donald Duck.
Men altså denne onkelen han reiste te Amerika for å gjera seg rike. Inplesitt i den forge settningen ligge da at han i utgangspunktet va fattige, ka va ellers vitsen med å reisa te Amerika. So sio han hadde lite med penga va  han nøye på å eta billigt. Og den billigaste maten fant han på disse brune kneipene eller  puba so me moderne menneskje ville kadla da. For når han kjøpte ett glas med øl fekk han maten gratis. Also ein obligatorisk gratis «spiseplikt».
Men uheldigvis for denne onkelen so likte han ikkje øl. Då tenkte han at han kunne finna opp ein alkoholfri drink i standen for og samtidig gjera seg rike. Og da gjorde han. Han miksa i samen noke sukker og sitron og diverse andre ting og kalte drikken 5up. Men da slo ikkje te. Men han gav ikkje opp og forandra litt på innholdet og prøvde på nytt. Han kalte den nye drikken for 6up. Men da slo ikkje te da helde. Då gav han opp og reiste heim te Norge. Gjett om han angra på det…
Då gjekk da nokre år før han forsona seg med sin uheldige sjebne men tok etter kvart ein besluttning om at skjedd er skjedd, da va ikkje noke å gjer med. For å få ein avsluttning på da heila drakk han ei heile flaska 7up og spydde den opp igjen. Då følte han seg mykje bedre og  fekk livsgnisten tilbakers. Da førte te at han begynte å finna opp ting igjen. Han slo seg på sjokolade. Den kalte han after7. Men den slo ikkje an den helde og han gav opp itte fysta forsøket. Gjett om han angra på da…
last ned


(Kun synlig for administrator) *

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Søndags-blogg" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse. Forfatter er selv ansvarlig for innhold. Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.