Søndags-blogg

av John Arvid Skumsnes

Endelig ferdig

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Skrevet søndag 8. september , 2013

På mandag e da valg og då ser me fram te at tåte endelig e øve. For itte valje begynna kvardagen og då får me høyra ka politikarane egentlig meina. For da e milavis avstand mydle ka dei meina før valje og ittepå. Derfor meina eg at da e ein god ide å arrangera ett nytt valg sånn sirka ein månde itte på da egentliga vaje sånn litt ut i oktober, itte at dei har forhandla. For da e vist veldig viktig å forhandla vist nok. Då ska dei bli enige om ka dei egentlig meina og då har dei heilt gløymt ka dei egentlig lova før valje. 

324601454No høyres da ut som om eg forfekta ett snev av politikarforakt. Og kansje stemme da. Men tidligare har eg våre politisk aktiv heilt frå eg va liten.

Den fyste sakjo eg engasjerte meg i va på 1970 talet. Eg hadde ikkje begynt på skulen endo men eg høyrde på når dei vaksne diskuterte og då vart eg imot, og sio har eg våre imot da mesta. I den tio va da ikkje fjernsyn so da va i femelieselskap med onkla og tanter og diverse andre at eg tok mitt fysta politiska standpunkt. Då va da sånn att mannfolkjo satt rondt salongbordet i ståvo og røykte lange Sout State sigaretta og diskuterte politikk. Adle damene va på kjøkenet og vaska opp. Ja, sånn va da i den tio om dåke lika da helde ikkje. For damene diskuterte om da va lurt å ha kjøreldo ned i ett varmt vannbad for å skylja av såpo før ein tørka. I min heim va ikkje da nødvendig men eg trur ikkje adle damene va enige i da. Eg veksla på å sitja på kjøkene og å sitja i stovo. Men da va mest interessant å høyra på mannfolkjo for da vart alltid so stilt når eg kom ut på kjøkenet. Ka damene egentlig snakka om kan ein berre spekulera i.

Mi fyrste sak va momsen, helde «meirverdi avgift» so da heite so fint, og eg va selvfølgelig i mot. Mannfolkjo meinte at momsen ville komma  uansett og at alt kom te å bli heilt forferdelig og landet kom te å bli ødelagt. Eg fekk ikkje med meg alt mannfolkjo sa men eg konkluderte med at momsen va ein høge tynne mann kledd i ein mørke dress so va altfor liten på føtene og armane og alt for store rondt livet. Han hadde hatten langt ned i augene so eg såg ikkje ansikte hans, og han kjørte ei svarte folkevogn. Eg va hellig overbevist om at han kom te å ta oss adle i samen både meg og resten av famelien og heile gardn med.

Og ein dag nokre veke itte min politiske deby kom da ei svarte folkevogn te gards og då vart eg fælanis  redde og sprang på loftet. Eg va sikker på at da va momsen  som kom for å ta oss. Men da viste seg at da va ein agent fra Skurtveiten i Bergen so sku selja traktora. Men itte detta har eg alltid våre i mot alle forme for avgifte. 

Eg veit ikkje heilt om eg ska gjera min borgerplikt og stemma i morgon for da med borgerplikt høyres så flott og høytidelig ut. Da minna meg litt om momsen. Da kan virka som om borgarplikto e da einaste staten kreve av oss men min erfaring har vist noko anna. Me må vist betala skatt, lisens, kommunale avgifte i tillegg. Og so e adle disse valgfunksjonerane så alvorlige.Sist eg stemde vart eg ståande i døro te valglokalet for å orientera meg før eg gjekk inn. Da va ikkje lenge før da kom ein valgfunksjoner og spurte om eg sku stemma. Eg svarte då: stemme da. Han smilte ikkje ein gong. Eg e klar øva at da e ein forferdelig dårlig vits og at den e nesten umulig å le av, men kan me ikkje, berre denne eine dagen, be-stemma oss for flira litt. Vel eg kjeme vell te å stemma i morgon eg og, eg har vil ikkje noko anna valg…

 



(Kun synlig for administrator) *

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Søndags-blogg" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse. Forfatter er selv ansvarlig for innhold. Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.