Søndags-blogg

av John Arvid Skumsnes

Eg har ein missbrukar i huset…

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 1. september , 2013

Ja, da e sant so dei seie, du veit ikkje ka da vil sei å ha ein missbruker i huset før du oppleve da sjøl. Og da hendte med meg, eg vart hekta og da må eg slita med resten av livet.

Da begynte så uskyldig med da førsta kjøpet. Eg sto der og klarte ikkje sei nei. Da va ikkje da at behove va so stort men alle desse forventnigane omverdenen har te deg tar på kroppen og presset blir etterkvart så stort og alt for vanskelig å håndtera åleine. Eg burde hatt mot til å snu ryggen te og gått min vei. Men da gjorde eg ikkje. All missbruk byrja med da førsta kjøpet og sånn byrja da for meg og. Eg kjøpte…

Da gjere vondt, da må eg innrømma, vondt i heile kroppen. Dei so selde te meg sa da gjekk øve itte noken veka. Ikkje tru på da! Da e ikkje sant! Da går aldri øve! Da ligge der å gnege i baken og i underbevistheten heile dagen og nettene med. Og te slutt tar da sovnen frå deg.Men da versta e da psykiska, får aldri fred for tankana; korti ska eg gjera da neste gong? får eg annledning? må eg handla igjen?images sdf

Eg klarte å halda meg oppegåande i tre veker. Men bakmenna e lure, dei veit akkuratt korleis dei ska ta deg. For då tilbydde dei meir, heilt gratis. Da va då eg burde ha sakt stopp. Da va då eg burde ha skjøna at dette kom til å gå gale. Du får nemlig aldri noke gratis uten at da e ein baktanke med da. Men eg hadde so vanskelig for å stå i mot. Derfor gjekk da so da måtte gå.

Eg satte meg ned i stolen på trappo. Og sjøl om eg viste da va gale fant eg fram mobiltelefonen. Eg skalv på henndene og svetten fosste nedover ryggjen når eg lasta  ned endomondo frå appstor. Då va da gjort. Då veit du at du e hekta. Då har du overgitt livet ditt til ein app og ett misbruk du veit vil styra deg resten av livet. Du har ikkje fri vilje lenger. Du bestemme ikkje sjøl kor longt du ska sykkla, da e da endomondoen som bestemme.

So bære da nedoverbakke. For har du fyrst kjøpt deg sykkel e da ingen annan utvei. Og når endomondoen fyrst e lasta ned går forfallet raskare og faren for at du kjøpe igjen er overhengande. Fyrst tettsittande sykkeltrikå, so sykkelsko og når du endelig har øvegitt deg heilt, kjøpe du sykkelkomputer so måle kor fort du tenkje i svingane, konfidentintervallet for oppoverbakka med x antall fartsdompa og ikkje minst kor månge kaloria so ligge igjen i veikanten itte at du har tatt igjen kåno på Spansstegen. Då e da ingen vei tebake.

Ja, ta deg berre ein biltur rondt øyo, du ser dei med ein gong, vrakjo longs veiane. Du kjenne dei i gjen på den orange trikåen. Og dei blir fleire og fleire.

Heldigvis e eg ikkje der endo. Eg e i ein fase der eg sykkla i svarte dongribuksa med buksebeino godt bretta ned i sokkane. Bukse-knena e blitt kvite. Eg trudde fyrst da va svette men  fant  seinare ut, på vei opp Rimbareid, at da va sikel. Eg står aldri når eg sykla for eg får ikkje magen opp frå stongjo. Og eg veit med meg sjøl at eg kjeme te å kjøpa trikå, da e berre fargen eg e usikker på.

Valg

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 25. august , 2013

Ja no stunda da mot valg og stor spenning for dei få detta betyr noko for. For me har egentlig ikkje so veldig mången å velja blandt. Faktisk har me liten inflytelse på kenn so ska komma på stortinget for da e bestemt av nominasjons møtene. Og på nominasjonsmøtene e da onda 2 prosent av norges befolkning so e representerte. Men da en no morsomt å sjå disse utallige valg-fårestillingane på fjernsynet. Da virka mest som ein selskapslek da heila. Ein forferdelig dyre selskpslek der målet e å tyta so godt at dei får terningkast 6. For da e jo tyt alt i sammen, ett uendelig mas der ingen vil gje seg og heile vitsen e å vera uenige. Nett so onga som krangla om ka stefar so e den beste.
regner-hyssingFor dei kan vist ikkje vera enige sånn som dei va itte krigen. For so dåke veit va alt bedre onda krigen og rett ittepå. Då va da flott å leva for Gerhardsen styrte landet og adle likte Gerhardsen sjøl om han ikke likte bønde. For arbeidara og bønde har ikkje alltid gått so gått i hop. Men itte krigen gjekk da an å søkja om å få kjøpa seg bil. Da va jo ikkje adle so fekk innvilga søknaden  for fyst i køen sto doktor, lensmann og prest. Men adle va enige om at da gjekk framøve med landet og at telefonen va ein god ting å ha. Da va ikkje framtidsretta sånn som alt ska vera no for tio. Telefonen va te for at folk sku få ryngja te doktaren elle ryngja te ein slektning i Ølen.  Ikkje for atte telefonen sku ekspandera te india eller for atte kursen på børsen sku stiga. Og da va ingjen so snakte om at me måtte spara te neste generasjon helde for da va ikkje nødvendig. For alle generasjona fant sine eigne løysninga meinte dei då. So dei fylte bensin med god samvet.  Nei i dag e me so bekymra for den neste generasjonen og so redde for at dei ikkje ska få dobbelt so myke so me har no. For da må jo vera vekst i økonomien vist nok. Kor ska dei ha alt…
Får «Dei grøne» makto og da blir slutt på oljeproduksjonen kan me vel sykkla. Koffor kan me ikkje da? Faktum e at akkuratt i dag sykkla ein haug me folk frå Lervik te Fijar og tebake igjen og da uten at dei har noko på Fitjar å gjera i da heile tatt. Trur ikkje dei stoppa og ser på utsikten helde. So vist folk e villige te å sykkla  seks mil uten å ha noke verdens ting å bestilla så trur eg dei samme menesjo e villige te å sykla te jobb og. For ikkje å snakka om å sykkla ongane på trening elle korpsøving med ein store tuba  på styre. Nei, den neste generasjonen kjeme te å ordna seg med alt da dei vil ha. For da e dei opplert te av den forige generasjonen.

 

Ein onkel i Amerika

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 18. august , 2013

 

Slekto mi har våre i amerika. Da vil sei at bestefaren min på morssio va i amerika noken år. Men heldigvis for meg reiste han heim  te norge igjen ellers hadde dinna bloggen våre skreve på engelsk, på Fitjar engelsk. Og Fitjar engelsk e veldig vanskelig å forstå, da sa i alle fall engelskleraren min på folkeskulen.
Men altso det e ikkje bestefar min eg ska skriva om men ein onkel av foreldro mine. Kenn av dei da va veit eg ikkje. Vist eg ska væra heilt erlige, i disse valgtie so trenge me strengt nok ikkje vera da men eg ska prøva,  so veit eg ikkje om da va ein onkel helde. Før i tio kadla  me adle so me kjente i Amerika for onkla og tanter, nett so i Donald Duck.
Men altså denne onkelen han reiste te Amerika for å gjera seg rike. Inplesitt i den forge settningen ligge da at han i utgangspunktet va fattige, ka va ellers vitsen med å reisa te Amerika. So sio han hadde lite med penga va  han nøye på å eta billigt. Og den billigaste maten fant han på disse brune kneipene eller  puba so me moderne menneskje ville kadla da. For når han kjøpte ett glas med øl fekk han maten gratis. Also ein obligatorisk gratis «spiseplikt».
Men uheldigvis for denne onkelen so likte han ikkje øl. Då tenkte han at han kunne finna opp ein alkoholfri drink i standen for og samtidig gjera seg rike. Og da gjorde han. Han miksa i samen noke sukker og sitron og diverse andre ting og kalte drikken 5up. Men da slo ikkje te. Men han gav ikkje opp og forandra litt på innholdet og prøvde på nytt. Han kalte den nye drikken for 6up. Men da slo ikkje te da helde. Då gav han opp og reiste heim te Norge. Gjett om han angra på det…
Då gjekk da nokre år før han forsona seg med sin uheldige sjebne men tok etter kvart ein besluttning om at skjedd er skjedd, da va ikkje noke å gjer med. For å få ein avsluttning på da heila drakk han ei heile flaska 7up og spydde den opp igjen. Då følte han seg mykje bedre og  fekk livsgnisten tilbakers. Da førte te at han begynte å finna opp ting igjen. Han slo seg på sjokolade. Den kalte han after7. Men den slo ikkje an den helde og han gav opp itte fysta forsøket. Gjett om han angra på da…
last ned
Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Søndags-blogg" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse. Forfatter er selv ansvarlig for innhold. Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.